Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Eta Carinae

Hubble-bilete av Eta Carinae og den kringliggjande tåka kalla Homunculus.[1]
Plasseringa til Eta Carinae og andre himmellekamar i den større Carinatåka.

Eta Carinae er ei av dei mest lyssterke stjernene i Mjølkevegen med ein masse på mellom 100 og 150 solmassar. Ho har ein avstand til jorda på rundt 7500 lysår.

På 1840-talet gjekk stjerna gjennom ein massiv eksplosjon som slengde meir enn 10 solmassar av materie ut i verdsrommet; ein eksplosjon som ville ha øydelagd dei fleste andre stjerner. Eta Carinae var då for ein kort periode den nest mest lyssterke stjerna på nattehimmelen sett frå jorda. Eta Carinae er ei binærstjerna, og ein reknar med at Eta Carinae vil eksplodera som ein supernova når ho går tom for kjernebrensel. [2]

Eta Carinae er del av den større og stjernedannande Carinatåka.[3]

  1. «NASA's Hubble Space Telescope Resolves Eruption of a Massive Star» Vitja 29. november 2008.
  2. «Eta Carinae: New View of Doomed Star» Vitja 29. november 2008.
  3. «The Carina Nebula: Star Birth in the Extreme» Vitja 29. november 2008.

Previous Page Next Page






Eta Carinae AF إيتا الجؤجؤ Arabic Eta Carinae AST Ета Кил Bulgarian Eta Carinae BS Eta de la Quilla Catalan Eta Carinae Czech Eta Carinae Danish Eta Carinae German Ήτα Τρόπιδος Greek

Responsive image

Responsive image