Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Europaveg 16

Europaveg 16

Lengd 1180 km
Strekning Londonderry i Nord-Irland
Gävle i Sverige
Status Europaveg
Kart
Europaveg 16
54°59′38″N 7°19′34″W / 54.994°N 7.326°W / 54.994; -7.326

Europaveg 16 (E 16) er ein europaveg som går mellom Londonderry i Nord-Irland i Storbritannia, over Bergen og til Gävle i Sverige, med arm frå Hønefoss til kryss med europaveg 18 i Sandvika i Bærum, der endepunktet for E 16 låg tidlegare. Vegen er kring 1180 kilometer lang, inkludert 190 kilometer i Storbritannia, 630 km i Noreg og 360 kilometer i Sverige. I Storbritannia er korkje E 16 eller andre europavegar skilta som europavegar, men etter eit nasjonalt system.

Den lengste vegtunnelen i verda, Lærdalstunnelen med ei lengd på 24 509 meter, ligg på E16. Det gjer òg den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, den nest lengste i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.

Mellom Bergen og Åsane delar vegen trasé med europaveg 39 og eit lite stykke nord for Belfast med europaveg 18.

Trasé fastlagt av UNECE: Londonderry - Belfast ... Glasgow - Edinburgh ... Bergen - Fagernes - Oslo. I Noreg er E16 skilta mellom Bergen og Riksåsen i Kongsvinger (inkludert arm frå Hønefoss over Sollihøgda til Bærum). Etter omskilting hausten 2012 er delar av tidlegare riksveg 35, riksveg 2 og riksveg 200 del av nye E16 til grensa.[1]

  • Det går ikkje ferje Belfast-Glasgow. Alternativ ferje er Belfast - Stranraer (Stena Line, 1,5-3 timer, 9 turar/dag).
  • Det går ikkje ferje Edinburgh-Bergen, heller ikkje mellom Newcastle-Bergen
  1. http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Nyhetsarkiv/Lokalt/Region+%C3%98st/E16+-+en+internasjonal+veg.380249.cms[daud lenkje]

Previous Page Next Page