Ewe Ɛʋɛgbɛ | ||
Klassifisering | Niger-kongospråk Atlantisk-kongo Volta-kongo Kwa Gbe | |
Bruk | ||
Tala i | Ghana, Togo | |
Område | Dei søraustlege delane av Ghana, sørlege Togo | |
Ewetalande i alt | 2.5 millionar + 0,5 mill. som andrespråk | |
Skriftsystem | latinsk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ee | |
ISO 639-2 | ewe | |
ISO 639-3 | ewe |
Ewe er eit kwaspråk som blir snakka i Ghana og Togo av omtrent tre million menneske [1]. Ewe er ein del av eit sprachbund av språk som også er i slekt, gbespråka, dei blir snakka i eit område frå aust i Ghana til vest i Nigeria. Andre gbespråk er mellom anna fon og aja. Ewe er, som andre gbespråk, eit tonespråk.
Ewe er eit av dei best dokumenterte språka i Afrika, delvis på grunn av arbeidet til Diedrich Hermann Westermann, som publiserte mange ordbøker og grammatikkar over Ewe og fleire andre Gbespråk. Andre lingvistar som har arbeidd med Ewe er m.a. Gilbert Ansre (tone, syntaks), Hounkpati B. Capo (fonologi, fonetikk), Herbert Stahlke (morfologi, tone), Roberto Pazzi (antropologi, leksikografi), Felix K. Ameka (semantikk, kognitiv lingvistikk) og Alan Stewart Duthie (semantik, fonetikk).