Fargo er, med sine vel 105 000 ibuarar den mest folkerike byen i delstaten Nord-Dakota i USA. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Cass County. Fargo ligg søraust i delstaten, ved vestbreidda av elva Red River, der han grensar mot delstaten Minnesota og mot byen Moorhead, som ligg på austbreidda av Red River.
Byen Fargo vart grunnlagt i 1871 og er oppkalla etter William Fargo. Fargo er eit senter for varehandel, kulturelle aktivitetar, helsestell, undervisning og industriverksemd. Fargo hyser North Dakota State University.