Fedje kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Fedje | ||
Areal | 9,27 km² | ||
• land | 8,94 km² | ||
• vatn | 0,33 km² | ||
Folketal | 519 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Stian Herøy (H) | ||
Kommunenr. | 4633 | ||
Fedje kommune 60°46′08″N 4°43′50″E / 60.768888888889°N 4.7305555555556°E | |||
Kart som viser Fedje kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Fedje | |||
Nettstad: www.fedje.kommune.no |
Fedje (uttale «Feie») er ein kommune Vestland fylke, heilt nordvest i Nordhordland. Kommunen vert utgjort av ei hovudøy, Fedje, og om lag 125 småøyar og holmar. Fedje ligg ytst mot havet og er ein vindfull stad. Det flate landskapet her ute er derfor kjenneteikna av lite skog. Hovudnæringa har historisk sett vore fiskeri.
Kommunen er ikkje landfast og ein er avhengig av ferje for å koma seg dit. Fedje ligg om lag halvannan times biltur nord for Bergen, 4,5 km vest for Sævrøy i Austrheim
Det meste av busetnaden på Fedje ligg rundt lune bukter på nordsida av øya, som Kyrkjevågen og Rognsvågen, men det finst òg spreidd busetnad andre stader på øya. Vestsida er derimot tynt folkesett.
På ei høgd på vestsida ligg Fedje Trafikksentral som er Vestlandets Sjøtrafikkavdeling sitt administrasjonssenter under Kystverket 2. distrikt. Frå her vert skipstrafikken langs kysten av Vestlandet overvaka, inkludert trafikk inn og ut frå Bergen og Mongstad. Trafikksentralen er bygd på tuftene etter eit tysk radartårn som vart bygd under den andre verdskrigen då om lag 400 tyskarar var utstasjonert her.