Festival (via engelsk, frå latin festivalis, 'som gjeld ein fest')[1] er ei stor tilskiping som typisk blir halde regelfast og har eitt eller fleire hovudtema, som kultur, musikk eller ei religiøs høgtid. Ein kan feira festivalar med samlingar, mat, musikk, dans, framsyningar, utstillingar, utkleding, opptog, tevlingar og ulike tilstellingar.
Nokre døme på festivalar er musikkfestival, filmfestival, dansefestival, matfestival, hagefestival, handverksfestival og revyfestival.