80°34′N 54°47′E / 80.567°N 54.783°E
Frans Josefs land | |||
øygruppe | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Areal | 16 134 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Frans Josefs land 80°34′00″N 54°47′00″E / 80.566666666667°N 54.783333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Franz Joseph Land |
Frans Josefs land (russisk Земля Франца-Иосифа, Zemlja Frantsa-Iosifa) er ei øygruppe heilt nord i Russland. Ho ligg heilt nord i Barentshavet i Nordishavet, nord for Novaja Zemlja og aust for Svalbard, og vert administrert av Arkhangelsk oblast. Frans Josefs land består av 191 isdekte øyar med eit areal på totalt 16 134 km² og er stort sett ikkje busette.
Dei ligg på breiddegrader mellom 80,0° og 81,9° nord, og er den nordlegaste øygruppa i Eurasia. Det nordlegaste punktet er Kapp Fligely på Rudolføya. Øygruppa er berre 900 til 1100 km frå Nordpolen, nærare enn all anna landmasse bortsett frå Ellesmereøya i Canada og Grønland.
Øygruppa vart kanskje først oppdaga av den norske selfangarane Nils Fredrik Rønnbeck og Aidijärvi om bord på skonnerten «Spidsbergen» i 1865, som i følgje eit fåtal rapportar segla austover frå Svalbard til dei nådde nytt land, som dei kalla Nordøst-Spitsbergen (Spitsbergen var det dåverande namnet på heile Svalbard). Det er ikkje kjend om dei gjekk i land, og dei nye øyane gjekk raskt i gløymeboka.
Øyane vart offisielt oppdaga i 1873 av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen leia av polfararane Payer og Weyprecht. dei kalla øygruppa opp etter den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I. Sidan ekspedisjonen berre var privat dekt og ikkje offisiell, vart desse øyane aldri ein del av Austerrike.
I 1926 tok Sovjetunionen over øyane og eit par personar vart busett her for forsking- og militærføremål. Det er berre mogeleg å vitje øyane med skip om sommaren og dette krev spesialløyve.