Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Freden i Oliva

Grensene til Det polsk-litauiske samveldet i 1660
Polen på tida til avtalen frå 1660 (store landområde okkupert av Russland under den russisk-polske krigen 1654–1667

Freden i Oliva av 3. mai 1660[1] var ein av fredsavtalane i Karl Gustav-krigane (1655-1660).[2] I Oliva (Oliwa i Det kongelege Preussen), vart det gjort fred mellom Sverige, Det polsk-litauiske samveldet, Habsburgarane og Brandenburg-Preussen.[2]

Sverige vart akseptert som suveren i Svensk Livland, Brandenburg som suveren i Hertugdømet Preussen, og Jan II Kasimir Vasa trekte tilbake kravet sitt om den svenske krona, men fekk halde tittelen som arving til den svenske kongen resten av livet.[2] Alle dei okkuperte områda skulle tilbake til statane som hadde hatt dei før krigen starta.[2] Katolikkar i Livland og Preussen fekk religionsfridom.[1]

Underskrivarane var den tysk-romerske keisaren Leopold I av Habsburg, kurfyrte Fredrik Vilhelm av Brandenburg og kong Jan II Kaismir Vasa av Polen. For den umyndige kong Karl XI av Sverige signerte onkelen hans og kanslaren Magnus Gabriel de la Gardie, som leia ein svensk delegasjon.[3]

  1. 1,0 1,1 Evans (2008), s. 55
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Frost (2000), s. 183
  3. Bély (2000), s. 511

Previous Page Next Page