Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Fruktsaft

Appelsiner og appelsinjus.

Fruktsaft er drikkbar saft frå planter (vanlegvis pressa frukt eller bær, òg kjend som jus. Vanlege jusar er appelsinjus, eplemost, tomatjus og fleire blandingsjusar.

Ein kan pressa fersk jus for hand eller i ei fruktpresse, men det er òg vanleg å kjøpa han på flaske eller kartong. Drikken kan då anten vera ferskvare som må drikkast raskt, eller tilsett konserveringsmiddel slik at han held seg lenger. Jo ferskare jusen er, jo betre er han på smak, og jo fleire vitaminar inneheld han.

Jus drikk ein alltid kald. Orda jus (juice) og fruktsaft bruker ein normalt om saftdrikkar der fruktinnhaldet er nær 100 % og ikkje tynna ut med vatn.[1] Viss ein kald fruktdrikk inneheld lite frukt og mykje vatn eller kunstige tilsetningar (som t.d. sukker), bør ein ikkje kalla han jus, men kan seia til dømes saft, limonade eller nektar istaden.

  1. Jus inneheld vatn naturleg, og når jus skal distribuerast for sal, vert ofte ein del av dette vatnet fjerna for å kunna transportera jusen i konsentrert form. Då lyt ein etterpå tilsetja vatn inntil konsentrasjonen er den same som han var i utgangspunktet.

Previous Page Next Page






Fruchtsaft ALS ফলৰ ৰস AS Fruchtsoft BAR Chug-frouezh BR Fruchtsaft German Jugo de frutas Spanish Fruitu-zuku EU Jus de fruits French Ávaxtasafi IS Succo di frutta Italian

Responsive image

Responsive image