Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Galloway

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Galloway i Texas.
Galloway
Land  Storbritannia
Kart
Galloway
55°03′00″N 4°08′00″W / 55.05°N 4.1333333333333°W / 55.05; -4.1333333333333
Wikimedia Commons: Galloway
Topografisk kart som viser landforma og grensene til Galloway og dei to fylkene der.

Galloway (skotsk-gælisk Gall-ghaidhealaibh eller Gallobha; låglandsskotsk Gallowa; latin Gallovidia) er ein region i Sørvest-Skottland som omfattar grevskapa Wigtown og Kirkcubright.[1] Namnet kjem frå skotsk-gælisk og tyder «framande gælarar», og viser til historiske gælarar av blanda opphav, både norrønt og gælisk opphav, som ei tid var dominerande i området.[2]

Galloway er avgrensa av havet i vest og sør, fjella Galloway Hills i nord, og elva Nith; grensa mellom Kirkcudbright og Wigtown er markert av elva Cree. Det har tidlegare òg vore under ein administrasjon kalla Stewart, under nemninga Stewartry of Kirkcudbright (som strekkjer seg frå Nith til Cree, og er likeeins avgrensa av Galloway Hills i nord).[3][4] Storleiken og omfanget av Galloway endra seg gjennom historia.

Galloway er òg namnet til ein hardfør rase av svart, hornlaust kveg som stammar frå regionen (og òg til den meir karakteristiske Belted Galloway eller Beltie). Området har alltid vore noko isolert på grunn av at det har 240 km med ulendt kystlinje og ein stor, aude fjellkjede i nord.[5][6]

  1. Andy Eagle (27. mars 2003): «The Online Scots Dictionary» Arkivert 2010-07-08 ved Wayback Machine., Scots-online.org.
  2. «Galloway», Online Etymology Dictionary
  3. A Historical Index of The People and Places of The Stewartry of Kirkcudbright, Kirkcudbright.co
  4. The Stewartry Museum, Kirkcudbright Arkivert 2015-06-25 ved Wayback Machine., Dumfries & Calloway Council
  5. The Belted Galloway Cattle Society
  6. History & Attributes: The Belted Galloway... An Old Scottish Breed Galloway

Previous Page Next Page






Gall-Ghaidhealaibh BR Galloway Catalan Galloway Czech Galloway CY Galloway Danish Galloway (Schottland) German Galloway English Galloway Spanish Galloway EU گالووی FA

Responsive image

Responsive image