Gamle Uppsala er eit fornminneområde i Uppsala kommun i Uppsala län i Uppland i Sverige, der mellom anna dei vidgjetne gravhaugane Uppsala högar og mellomalderkyrkja Gamla Uppsala kyrka ligg. Kyrkja var i si tid både domkyrkje og sete for erkebiskopen. I eldre jarnalder har havnivået vore høgare, slik at Gamle Uppsala låg nord for ei vik som gav tilkomst frå Austersjøen. Men i vikingtida hadde byen vorte skåre av frå havet på grunn av landhevinga. I dag er Gamle Uppsala ein lut av tettstaden Uppsala, og inngår i bydelen Norra staden.
Ein reknar med at i førhistorisk tid har Gamle Uppsala vore ein sentralplass for maktstrukturen i det som no er Svealand. I vikingtida låg her den store kultplassen med hòv, heilag lund, heilag kjelde og heilag tre som Adam av Bremen skildrar i boka som heiter Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden i moderne omsetjing til norsk[1]. Men tydelege arkeologiske spor etter denne store kultinnretninga er ikkje funne. Gamle Uppsala heitte på denne tida berre Uppsala (skrive på ulikt vis som til dømes Upſala, Ubsala).