Gaza | |||
غزة, Ghazzah, Gaza by | |||
kommune | |||
Gaza i 2007
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Gaza guvernement | ||
Del av | Gazastripa | ||
Koordinatar | 31°31′N 34°27′E / 31.517°N 34.450°E | ||
Areal | 45 km² [1] | ||
Folketal | 515 556 (2012)[2] | ||
Folketettleik | 11 457 / km² | ||
Grunnlagd | 1400-talet fvt. | ||
• Bystatus | 1994 | ||
Borgarmeister | Nizar Hijazi | ||
![]() Gaza by 31°31′00″N 34°27′00″E / 31.516666666667°N 34.45°E | |||
Wikimedia Commons: Gaza City | |||
Nettstad: www.gaza-city.org |
Gaza (arabisk غزة, Ġazzah, hebraisk עזה, Azzah; gammalgresk Γάζα), òg kalla Gaza by, er ein palestinsk by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt.[3] Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.
Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredeleg stad og hamna blømde. I år 635 vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rettslære. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I dei påfølgjande hundreåra har Gaza slite med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar, og byen vart redusert til ein landsby på 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Den første halvdelen av det osmanske styret, kontrollerte Ridwan-dynastiet Gaza og under dei voks byen seg stor med mykje handel og fred. Kommunen Gaza vart grunnlagd i 1893.
Gaza fall til britiske styrkar under fyrste verdskrigen, og vart ein del av Palestinamandatet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, administrerte Egypt den nydanna Gazastripa og gjorde fleire utbetringar i byen. Gaza vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, men i 1993 vart byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta. I månadane etter valet i 2006, braut det ut ein væpna konflikt mellom dei palestinske, politiske fraksjonane Fatah og Hamas, noko som førte til at Hamas tok over makta i Gaza. Egypt og Israel innførte så ein blokade av Gazastripa.[4] Israel letta på blokaden i juni 2010 og Egypt opna på ny opp grenseovergangen ved Rafah i 2011 for fotgjengarar.[4][5]
Hovudnæringa i Gaza er småindustriar og jordbruk. Blokaden og dei stadige konfliktane har gjort dei økonomiske tilhøva særs vanskelege. Dei fleste innbyggjarane i Gaza er muslimar, men det finst òg ein kristen minoritet. Gaza har ein særs ung folkesetnad og kring 75 % av innbyggjarane er under 25 år gamle.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet GazaMunicipality