Gazastripa | |||
region | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Palestina, Midtausten, Vest-Asia | ||
Areal | 365 km² | ||
Folketal | 2 098 389 (2023)[1] | ||
![]() Gazastripa 31°27′N 34°24′E / 31.45°N 34.4°E | |||
![]() Gazastripa og våpenkvilelinja fra 1950.
| |||
Wikimedia Commons: Gaza Strip |
Gazastripa (arabisk قطاع غزة, romanisert Qiṭāʿ Ġazzah), eller berre Gaza, er eit sjølvstyrt område på austkysten av Middelhavet med ei 11 km lang grense til Egypt i sørvest og ei 51 km lang grense mot Israel i aust og nord. Sidan 2007 har Gazastripa i røynda vore styrt av Hamas, ein palestinsk fraksjon som hevdar å vere rettmessige representantar for Dei palestinske sjølvstyresmaktene og det palestinske folket. I 2012 anerkjente Dei sameinte nasjonane Gazastripa som ein del av Staten Palestina. Eit felles styre vart eidfesta den 2. juni 2014.[2]
Sunnimuslimar utgjer den største delen av den palestinske folkesetnaden på Gazastripa, som har ein årleg folkevekst på 3,01%, den 9. høgaste i verda.[3] Området er 41 km langt, og frå 6 til 12 km breitt, med ei samla flatevidd på 365 kvadratkilometer.[4] I 2014 var folketalet på Gazastripa kring 1,82 million innbyggjarar.[3]
Gazastripa oppnådde den nordlege og austlege grensa då kampane slutta etter krigen i 1948, og dette vart stadfesta i den egyptisk-israelske våpenkvileavtalen den 24. februar 1949.[5] Artikkel V i avtalen erklærte at grenselinja ikkje var ei landegrense. Først vart Gazastripa offisielt administrert av All-Palestina-styret, som vart grunnlagd av Den arabiske ligaen i september 1948. All-Palestina på Gazastripa vart styrt av dei militære styresmaktene i Egypt, og fungerte som ein marionettstat, fram til området offisielt vart slått saman med Den sameinte arabiske republikken og oppløyst i 1959. Frå tida etter det all-palestinske styret vart oppløyst og fram til 1967, vart Gazastripa direkte administrert av ein egyptisk militærguvernør. Israel erobra Gazastripa frå Egypt i seksdagarskrigen i 1967. I høve Osloavtalen, som vart signert i 1993, vart Den palestinske sjølvstyresmakta forvaltingsorganet som styrte dei palestinske folkesentra, medan Israel hadde kontroll over luftrom, territorialfarvatn og grenseovergangar, utanom landgrensa mot Egypt. I 2005 trekte Israel seg ut frå Gazastripa. Sidan juli 2007, etter det palestinske valet i 2006 og Hamas tok over i 2007, har Hamas i røynda hatt makta på Gazastripa, og danna ei alternativ Hamas-regjering i Gaza. Staten Palestina gjer krav på Gazastripa, men forsoningssamtalar med Hamas har så langt ikkje ført fram.