Geilo | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Kommune | Hol | ||
Areal | 3,19 km² | ||
Folketal | 2 597 (2023) | ||
Folketettleik | 814 / km² | ||
Postnummer | 3580 GEILO | ||
Preposisjon | på Geilo | ||
Geilo 60°32′01″N 8°12′32″E / 60.5337183°N 8.2089732°E | |||
Wikimedia Commons: Geilo |
Geilo er ein tettstad i Hol kommune i Buskerud. Tettstaden ligg øvst i Hallingdal, ved Bergensbanen omtrent midtvegs mellom Bergen og Oslo, og har 2 597 innbyggjarar per 1. januar 2023. Sentrum ligg om lag 800 moh.
Geilo er ein populær turiststad, både sommars- og vinterstid, og bygda har ei mengd hotell og andre overnattings- og serveringsstader.
Namnet Geilo kjem av dativ fleirtalsform av geil, 'inngjerda krøterveg'. Tettstaden har namn etter garden Geilo, som selte grunnen til Bergensbanen då det skulle opprettast ein stasjon kring 1900. Initiativet til dette vart teke av hotelleigaren Ola Geilo frå Ustedalen. Tettstaden har sidan vokse fram kring stasjonen.