Gin er eit klart brennevin som i hovudsak er laga av potet eller korn, med ein særmerkt smak frå einebær. Andre urter vert òg brukte som smakstilsetting, til dømes anis, røter frå angelica og iris, koriander, kanel og cassia.
Ein drikk sjeldan gin åleine, men drikken blir brukt i fleire drinkar, som gin og tonic og martini.