Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Glamrock

Glamrock (òg kjend under namnet glitterrock), er ein rock og roll-sjanger som var populær på byrjinga av 70-talet. Musikkstilen var eit britisk fenomen med berømte artistar som Slade, Queen, David Bowie, Gary Glitter, Sweet og Marc Bolan og T. Rex[1]. Andre viktige artistar innan sjangeren var Alice Cooper, KISS, Lou Reed, Roxy Music, Mud, Mott the Hoople, The Glitter Band, Brian Eno og Suzi Quatro. I Noreg var det Slade og David Bowie som fekk best fotfeste, medan Sweet, med hitfabrikken Chinn/Chapman i ryggen, hadde enkelte hittar.

Glamrock var glitter, sprakande kostymer og glamour; stilen var særleg kjend for klesstilen og opptreden til utøvarane. Glamrockarane brukte ofte sminke og glitter.

Musikken var fengande og ofte med enkle tekstar som t.d. Sweet sin «Wig Wam Bam» og T.Rex sin «Children of the Revolution».

  1. MSN Encarta om Glamrock. http://encarta.msn.com/dictionary_561509274/glam_rock.html Arkivert 2009-08-28 ved Wayback Machine. Vitja 12. september 2008

Previous Page Next Page






جلام روك Arabic Glam rock AST Qlem-rok AZ Глэм-рок BE Глем рок Bulgarian Glam rock Catalan Glam rock Czech Glam rock Danish Glam Rock German Glam rock English

Responsive image

Responsive image