Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Greg Lake

Greg Lake

Lake på scenen i Llandudno i Wales i 2005
Fødd10. november 1947
FødestadPoole, Dorset, England
Død7. desember 2016 (69 år)
DødsstadLondon
FødenamnGregory Stuart Lake
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerProgressiv rock, hardrock
InstrumentVokal, gitar, bassgitar, munnspel
Kjende instrumentCustom Alembic models
Custom Wal bass models
Stemmetypebassrøyst
Tilknytte artistarThe Gods, King Crimson, Emerson, Lake & Palmer, Gary Moore, Asia, Emerson, Lake & Powell, Ringo Starr & His All-Starr Band
PlateselskapManticore, Chrysalis
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

Gregory Stuart «Greg» Lake (10. november 19477. desember 2016) var ein engelsk musikar, låtskrivar og produsent, mest kjend som vokalist og bassist i King Crimson og bassist, gitarist, vokalist og tekstforfattar i Emerson, Lake & Palmer.

Lake var med på å grunnleggje den opphavlege gruppa King Crimson, og han vart etterpå eit viktig medlem av «supergruppa» Emerson, Lake & Palmer. Han turnerte òg ein kort periode for Asia i 1985, og gav ut to soloalbum, med ein påfølgjande turné, tidleg på 1980-talet. Albuma var Greg Lake (1981) og Manouvres (1983).

Som soloartist vart Lake kjent for julesongen «I Believe in Father Christmas» i 1975, som hadde med «Troika» frå Sergej Prokofjev-verket Lieutenant Kije som bakgrunnsspor. Andre kjende songar omfatta blant anna «C'est la vie» (Works, vol. I), «Still... You Turn Me On» (Brain Salad Surgery) og «From the Beginning» (Trilogy).

Greg Lake i Toronto 3. februar 1978

Greg Lake er ei viktig brikke i moderne musikk sidan debutalbumet til King Crimson, In the Court of the Crimson King. Den store suksessen til ELP på 1970-talet har òg bidrege til å endre musikkbilete i verda. I 1998 vart Emerson, Lake and Palmar omsider nedlagd og Lake forlét bandet. Han har ikkje vore spesielt aktiv på musikkscenen i form av eigne utgjevingar sidan, men har turnért blant anna som medlem i bandet til Ringo Starr i 2002.

I 2003 spelte han bass på The Who-singelen «Real Good Looking Boy». Hausten 2005 hadde han ein omfattande soloturne i Storbritannia.


Previous Page Next Page






غريغ ليك Arabic جريج ليك ARZ قرق لیک AZB Грег Лейк Bulgarian Greg Lake Catalan Greg Lake Czech Greg Lake CY Greg Lake Danish Greg Lake German Γκρέγκ Λέικ Greek

Responsive image

Responsive image