Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Gresk mytologi

Akilles og Patroklos på ein gresk vase.

Gresk mytologi er forteljingane om greske gudar, heltar og monster. Mytologien har mange trekk til felles med andre indoeuropeiske tradisjonar, men òg sine særtrekk. Han har mellom anna ei rekkje tragediar, der menneske som set seg opp mellom skjebnen eller gudane til slutt opplever sorg og fortaping.

Den greske mytologien har inspirert eit utal kunstnarar, både i si eiga tid og seinare.[1] Ei rekkje greske skaldar, med Homer i spissen, har fortald legendene i song og rim. Romerske diktarar, som Ovid, fortsette med same tema, og det gjorde òg seinare europeiske biletkunstnarar, diktarar og komponistar.[2]

Skikkelsar frå mytologien dukkar opp på greske vasar og fresker, og som naturtru greske statuar, som seinare romerske, italienske og andre europeiske bilethoggararar skulle gjera sitt beste for å kopiera.

  1. «gresk_mytologi» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Greek mythology | Gods, Stories, & History | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 21. november 2024, henta 26. november 2024 

Previous Page Next Page