Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Grunnvatn

Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Grunnvatn».
Grunnvatn pumpa opp ved Amsterdam

Grunnvatn er vatnet som finst i grunnen under landyta. Der tek det opp holrom mellom jordmolane, eller i større sprekkar i jord og berg. Er ikkje dette holromet metta med vatn, men inneheld luft òg, talar ein gjerne om markvatn. Det djupet nedi bakken der holromet blir metta med vatn, kallar ein grunnvass-spegelen (eller grunnvassmålet). Grunnvatnet rører seg i større eller mindre mon, og vatnet blir verande i grunnen alt frå nokre dagar til mange tusen år; eit jordlag som fører vatn tolleg godt vert kalla vass-sig, vassåre, vekje og liknande. Ofte blir desse nemningane sette i bås med den gamle tanken at vatnet gjekk i jorda liksom blodet i kroppen. I vitskapen nyttar ein helst omgrepet akvifer (nylatin aquifer, «vassberar»).

Grunnvatnet får tilførsla si frå landyta ved at regn eller smeltevatn sig ned i bakken, eller ved innsig frå innsjøar, elvar og andre ytevatn. Likeeins sig grunnvatnet med tid og stunder ut i kjelder og utsig, som gjerne står i nært samband med ulike ytevatn. Såleis er grunnvatnet ein del av vasskrinslaupet. Myrar og oasar er som regel fullnørte av grunnvatnet. Menneskja hentar opp grunnvatnet gjennom brunnar eller renner til bruk i jordbruk, industri og hushald. Dei vitskapsgreinene som tek føre seg grunnvatnet er i fyrste rekkja hydrologi (vatnakunne) og geologi (jordkunne), som møtest i undergreinene geohydrologi og hydrogeologi.

Høvet til å nytte grunnvatnet i Noreg blir regulert gjennom vassressurslova, med Noregs vassdrags- og energidirektorat som overvakande styremakt.

Fossilt vatn eller fossilt grunnvatn er grunnvatn som er danna under andre klimatiske tilhøve enn no. Dei blir ikkje fornya slik klimaet er no. Fossilt vatn er difor ein ikkje-fornybar ressurs.

Under Sahara og i Midtvesten i USA er det store førekomstar av fossilt grunnvatn . Begge stader blir vatnet nytta til irrigasjon.


Previous Page Next Page