Hans Ditlev Franciscus von Linstow | |
Linstow måla av Carl Peter Lehmann | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark, Noreg |
Fødd | 4. mai 1787 Hørsholm |
Død |
10. juni 1851 (64 år) |
Yrke | arkitekt, advokat |
Far | Christoph Hartwig von Linstow |
Ektefelle | Ferdinanda Augusta Charisius |
Hans Ditlev Franciscus von Linstow på Commons |
Hans Ditlev Franciscus von Linstow (4. mai 1787–10. juni 1851)[1] var ein dansk-norsk arkitekt som særleg er kjent for sitt hovudverk i Noreg: Det kongelege slott.
Hans von Linstow studerte teikning og måling ved Kunstakademiet i København på same tid som han også studerte jus. Han avslutta studia i København i 1812 og drog til Kongsberg der han i åra 1812-1814 var elev ved Bergseminaret. Han avslutta ikkje ingeniøroffiserutdanninga, men studerte i staden arkitektur attåt. Han arbeidde frå 1814 ved hoffet hans Kristian Fredrik, og i tida 1815-1818 var han regimentskvartermeister og auditør ved det Akerhusiske ridende Jægerkors. I tida fram til 1820 var han brigadeauditør i kavaleriet og garnisonsauditør i Christiania.
Von Linstow gav undervisning, først i gipsklassen og i åra 1822-1840 i bygningslære ved Den kongelige tegneskole (Kunstakademiet) i Christiania. Han hadde vore ein av initiativtakarane til opprettinga av akademiet.[2]