Hardingfele | |||
![]() Hardingfele laga av Knut Gunnarsson Helland | |||
Klassifisering | bokslutt med hals spelt på med boge | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.322-71 |
Ei hardingfele, stundom òg kalla hardangerfele, er eit strykeinstrument som liknar mykje på den vanlege fela – som i folkemusikksamanheng gjerne vert kalla flatfele - men skil seg frå denne ved at det under dei fire vanlege strengene ligg 4-5 understrenger - resonansstrenger - som kling med når dei vanlege strengene blir spela på. Hardingfela blir mykje bruka i norsk folkemusikk — særleg i Hardanger og Telemark, men i nyare tid òg nordetter til Valdres, søretter til Setesdal og mykjegodt på Vestlandet nord til Sunnmøre. I resten av Noreg var hardingfela mykje i bruk tidleg på 1900-talet, men gjekk tilbake til fordel for den vanlege fela att.