Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Holstein

Kart over Jylland og Nord-Tyskland med Holstein markert i gult.

54°10′N 9°40′E / 54.167°N 9.667°E / 54.167; 9.667 Holstein eller Holsten (dansk Holsten, uttalt med lang e, høgtysk Holstein, nedertysk Holsteen) er eit område i Nord-Tyskland, i delstaten Schleswig-Holstein.

Holstein var opphavleg eit grevskap, men vart frå 1474 eit hertugdømme som ein del av det tysk-romerske riket. Valet av hertug eller greve skjedde på landstinga som vart haldne ved Bornhøved. Folkeforsamlingane på landstinga utvikla seg til stenderforsamlingar, kalla landdagar.

I 1460 lukkast det Kristian I å bli vald til regjerande fyrste i både det danske hertugdømmet Slesvig og det tyske Holstein, det vil seie at hertugdømma kom i personalunion med Danmark og Noreg. Men då Kristian I døydde, vart regjeringsmakta igjen delt. Broren hans, Fredrik, vart vald til regjerande hertug saman med kong Hans. Det førte til delinga i 1490, som fekk konsekvensar for Sønderjylland. Fellesregjeringa opphøyrde i Slesvig etter 1713, då den gottorpske del av Slesvig kom inn under kongen, Frederik IV.

Som hertug av Holstein var den dansk-norske kongen vasall under det tyske riket. Dette vart oppløyst i 1806 og Holstein vart ein del av det danske monarkiet. Frå 1815 var det samtidig ein del av det tyske forbundet. I 1848 braut det ut eit ope opprør, som vart slått ned i treårskrigen. Forsøk på å innføre ein fellesforfatning for kongeriket Danmark og hertugdømmet Slesvig vart stoppa, sidan stenderforsamlingane i Holstein og Slesvig var tyskdominerte. Dei ynskte ei samanslutning av Schleswig og Holstein til ein stat. Austerrike og Preussen støtta stenderforsamlingane, og erobra hertugdømma i 1864. Schleswig og Holstein vart i 1867 sameint til provinsen Schleswig-Holstein og innlema i kongeriket Preussen. Nordslesvig vart i 1920 igjen dansk etter folkeavstemminga om Slesvig. Det øvrige Schleswig-Holstein vart frå 1946 ein eigen tysk delstat.


Previous Page Next Page






Гольштэйн BE Холщайн Bulgarian Holštýnsko Czech Hòlsztin CSB Holstein CY Holsten Danish Holstein German Χόλσταϊν Greek Holstein English Holstein Spanish

Responsive image

Responsive image