Holstein-Gottorp (dansk Holsten-Gottorp) eller Schleswig-Holstein-Gottorp (dansk Slesvig-Holsten-Gottorp) var namnet på ei grein av den danske kongefamilien Oldenburg som hadde eigedommar i hertugdøma Slesvig og Holsten i grensetraktene mellom Danmark og Tyskland. Namnet knyter det tyske lenet Holsten med slottet Gottorp i det danske hertugdømet Slesvig, som var residens for hertugane av den gottorpske slekta frå 1544 til 1714.