Rupi (valutasymbol: ₹) er mynteininga i India. Ein rupi blir delt inn i 100 paisa. ISO 4217-koden for indisk rupi er INR. Indisk rupi blir også noko brukt i nabolanda Bhutan og Nepal. Indisk rupi har fast kurs med bhutansk ngultrum (lik verdi) og nepalsk rupi, der 1 INR = 1,6 NPR. I mars 2009 var 100 indiske rupi verdt 12,910 norske kroner.
Rupi er også mynteininga i Pakistan, Sri Lanka, Mauritius og på Seychellane.
8. november 2016 blei 500- og 1000-rupisetlar gjort ugyldige som betalingsmiddel av den indiske regjeringa i eit tiltak mot svarte pengar. Tiltaket trådde i kraft ved midnatt same dag. Nye setlar tilsvarande 500 og 2000 rupi gjekk i omlaup frå 10. november 2016.[1][2]