Republik Indonesia
(norsk: Indonesia, indonesisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Indonesia Raya» | ||||||
Motto | Bhinneka Tunggal Ika (gamal javanesisk:sameint i mangfald) | ||||||
Offisielle språk | indonesisk | ||||||
Hovudstad | Jakarta | ||||||
Styresett |
Republikk Joko Widodo | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
1 904 569 km² (14.) 4,85 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
260 580 739 (4.) 136,8 /km² (63.) | ||||||
Sjølvstende - Kunngjort - Godkjent |
Frå Nederland 17. august, 1945 27. desember 1949 | ||||||
Nasjonaldag | 17. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
2 839 000 mill. USD (8.) 11 600 USD (104.) | ||||||
Valuta | Rupiah | ||||||
Tidssone | UTC +7 til +9 | ||||||
Telefonkode | +62 | ||||||
Toppnivådomene | .id
|
Republikken Indonesia (indonesisk Republik Indonesia) er eit land i Søraust-Asia og Oseania. Landet er verdas største øystat, bygt opp av 17 508 store og små øyar, der Sumatra, Java, Sulawesi, Kalimantan og Papua er dei største. Indonesia er med 240 millionar innbyggjarar det fjerde mest folkerike landet i verda, og er det landet der det bur flest muslimar, endå landet ikkje offisielt er ein islamsk stat. Hovudstaden er Jakarta.
Indonesia grensar mot Malaysia på øya Kalimantan, med Papua Ny-Guinea på øya Papua, og med Aust-Timor på Timor-øya. Andre naboland er Singapore, Filippinane, Australia, og dei indiske Andaman- og Nikobar-øyane.
Det indonesiske arkipelet har vore ein viktig handelsregion i alle fall sidan det sjuande hundreåret. På den tida handla Srivijaya-kongedømet aktivt med Kina og India. Over tid tok lokale hovdingar også til seg indisk kultur, religion og politiske modellar frå dei tidlege hundreåra etter vanleg tidsrekning, og hinduiske og buddhistiske kongedøme blømte.
Seinare har soga til Indonesia vorte påverka av framande makter som jakta på øyane sine naturressursar. Muslimske handelsfolk tok med seg islam, og europeiske stormakter kjempa om kven som skulle få monopolisere handelen på krydderøyane, Molukkane, under oppdagingstida. Etter 350 år med nederlandsk kolonialisme sikra Indonesia seg sjølvstende etter andre verdskrigen. Sidan har soga vore turbulent, med utfordringar grunna naturkatastrofar, korrupsjon, separatisme, demokratiseringsprosessen og periodar med snøgge økonomiske endringar.
Indonesia er samansett av mange særskilte etniske, språklege og religiøse grupperingar. Javanesarane er den største og politisk dominerande etniske gruppa. Med omsyn til dette mangfaldet har Indonesia arbeidd med å skape ein felles identitet forma av eitt nasjonalspråk, etnisk mangfald, religiøs fridom innan rammene av islam som dominerande religion, og ei fortid prega av kolonialisme og opprør mot kolonimakta. Indonesia sitt nasjonale motto, «Bhinneka tunggal ika» ('Fleire, jamvel ein'), skal syne mangfaldet som formar landet. Konfliktar mellom grupper og regionale separatistrørsler har likevel ført til valdelege konfrontasjonar som har gått ut over den politiske og økonomiske stabiliteten.
Trass det store innbyggjartalet og tett folkesette regionar, har Indonesia svære område av villmark som er grunnlaget for det nest høgaste biomangfaldet i eit land i verda. Landet har omfattande naturressursar, men fattigdom er enno eit vesentleg problem.