Ingrediens (av latin ingredi, ‘inngå’) er ein del av ei blanding til å laga noko,[1] og viser særleg til dei ulike fødevarene i matlaging og matoppskrifter. Ingrediensar kan ha ulike funksjonar, som å gjera måltidet meittande, påverka smak, tekstur eller utsjånad. Nokre ingrediensar kan vera vanlege og reknast som basismatvarer, andre kan vera eksklusive delikatesser.
Ein analyse av ingrediensbruk i 56 000 matoppskrifter frå ulike kulturar viste at ein ofte kombinerer ingrediensar som har ulike eigenskapar, til dømes med ulike smaksstoff.[2]
Mat som er til sals skal etter fleire lovverk merkast med kva ingrediensar dei inneheld. Ofte, som i Noreg, skal ein føra dei opp i fallande vektrekkjefølgje, slik at den tyngste står fyrst. Det er også kome til krav om å merka stoff som kan framkalle allergi eller intoleranse spesielt.[3]