Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Jesus

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jesus (fleirtyding).
Jesus

FøddBetlehem, Nasaret
DødGolgata
Tittelprofet
Opptrer iDet nye testamentet, Koranen
Identifisert medIsa, Yeshu, Jesusbarnet, Jesus i ahmadiyya, Jesus i bahai, Jesus i kristendommen, Salvator Mundi, historiske Jesus, Sonen, Jesus i manikeismen, Christ Jesus
Andre namngammalgresk Ἰησοῦς, Iēsoûs‎; hebraisk ישוע‎; arabisk عيسى‎, romanisert Isa
SlektDen heilage familien, Huset David
GravstadGravkyrkja, Talpiotgraven, Garden Tomb, empty tomb, Jerusalem, tomb of Jesus Christ
LandHerodian Kingdom of Judea
MorJomfru Maria
FarDen heilage Josef, Gud Fader
Medlemtreeininga

Jesus[a] (ca. 4 f.Kr.–30/33 e.Kr.), også kjend som Jesus frå Nasaret eller Jesus Kristus, var ein jødisk predikant og religiøs leiar.[1] Han er den mest sentrale personen i kristendommen. Dei fleste kristne reknar han som inkarnasjonen av Sonen, og den venta Messias (Kristus) slik det var spådd i Det gamle testamentet.[2][3]

Nærast alle moderne oldtidsforskarar er samde i at Jesus var ein reell historisk skikkelse[b], men det finst motrøyster.[10][11] Innanfor forskinga på den historiske Jesus er det likevel stor usemje om den historiske truverda til evangelia og om i kor stor grad den bibelske Jesus speglar den historiske Jesus.[12][c][d] Jesus var ein galileisk jøde[1] som vart døypt av Johannes Døyparen. Han byrja ei eiga forkynnargjerning ved å tala til forsamlingar, og slik framføra bodskapen sin munnleg.[15] Han vart ofte omtala som «rabbi».[16] Jesus engasjerte seg i diskusjonar med jødar i samfunnet rundt seg om korleis ein best kunne følgja Gud, han søkte å lækja sjuke, underviste gjennom likningar og samla følgjarar.[17][18] Han vart arrestert og dømd av dei jødiske styresmaktene,[19] overført vidare til dei romerske myndigheitene og krossfesta på ordre av Pontius Pilatus, den romerske prefekten.[17] Etter Jesu død trudde følgjarane hans på at han steig opp frå dei daude, og samfunnet dei danna vart til slutt den kristne kyrkja.[20]

Jesu fødsel er feira årleg den 25. desember på helgedagen kjend som første juledag. Krossfestinga av han er markert på langfredag, og oppstoda hans er feira i påska. Den utbreidde årsteljinga «e.Kr.», den tilsvarande latinske nemninga anno Domini («Herrens år»), og det sekulære alternative «evt.» (for etter vår tidsrekning), er basert på Jesu omtrentlege fødselsdag.[21][e]

Etter kristen tru vart Jesus unnfanga av Den heilage ande, fødd av ei jomfru ved namnet Maria, utførte fleire under, grunnla Kyrkja, døydde av krossfesting for å oppnå forsoning, stod opp frå dei daude og steig opp til Himmelen, som han vil venda attende frå.[23] Dei fleste kristne trur at Jesus gjer det mogeleg for menneskja å forsonast til Gud. Den nikenske truvedkjenninga slår fast at Jesus vil dømma dei levande og dei daude[24] anten før eller etter den kroppslege oppstoda deira,[25][26][27] ei hending knytt til Jesu atterkome innan kristen eskatologi.[28] Brorparten av kristne tilbed Jesus som inkarnasjonen av Sonen, den andre av dei tre personane i Treeininga. Nokre få kyrkjesamfunn avviser treeiningslæra heilt eller delvis, og meiner at ho ikkje er støtta i Skrifta.

Jesus er òg vørda utanom kristendommen. Innan islam er Jesus (ofte translitterert som Isa) rekna som ein av profetane og som Messias.[29][30][31] Muslimar reknar Jesus som ein bodberar frå Gud, og trur at han vart fødd av ei jomfru, men ikkje som son av Gud. Koranen seier at Jesus sjølv aldri kalla seg guddommeleg.[32] Dei fleste muslimar meiner at Jesus ikkje vart krossfesta, men vart fysisk løfta opp til Himmelen av Gud. Jødedommen derimot avviser trua på at Jesus var den venta Messias, og argumenterer for at han ikkje oppfylte dei messianske profetiane og korkje var guddommeleg eller gjenoppliva.[33]


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Vermes 1981
  2. McGrath 2006, s. 4–6.
  3. Ehrman, Bart D. (2014). How Jesus became God: The Exaltation of a Jewish Preacher from Galilee. HarperOne. ISBN 978-0061778186. 
  4. Ehrman, Bart (2011). Forged: writing in the name of God – Why the Bible's Authors Are Not Who We Think They Are. HarperCollins. s. 285. ISBN 978-0-06-207863-6. 
  5. Burridge, Richard A.; Gould, Graham (2004). Jesus Now and Then. Wm. B. Eerdmans Publishing. s. 34. ISBN 978-0-8028-0977-3. 
  6. Price, Robert M. (2009). «Jesus at the Vanishing Point». I Beilby, James K.; Eddy, Paul R. The Historical Jesus: Five Views. InterVarsity. s. 55, 61. ISBN 978-0-8308-7853-6. 
  7. Sykes, Stephen W. (2007). «Paul's understanding of the death of Jesus». Sacrifice and Redemption. Cambridge University Press. s. 35–36. ISBN 978-0-521-04460-8. 
  8. Grant, Michael (1977). Jesus: An Historian's Review of the Gospels. Scribner's. s. 200. ISBN 978-0-684-14889-2. 
  9. Van Voorst 2000, s. 16.
  10. This Is How We Know Christianity Is a Delusion, Richard Carrier Blogs, henta 25. oktober 2019 
  11. Carrier finally responds to Ehrman on the historicity of Jesus, Why Evolution is true, henta 23. oktober 2019 
  12. Powell 1998, s. 168–73.
  13. Bart D. Ehrman, MDiv, PhD. Historical Jesus. 'Prophet of the New Millennium.' Course handbook, s. 10 (Lecture Three. V. B.) The Teaching Company, 2000, Lecture 24
  14. Sanders 1993, s. 57.
  15. Dunn, James D. G. (2013). The Oral Gospel Tradition. Wm. B. Eerdmans Publishing. s. 290–91. 
  16. James Orr, red. (1939). «International Standard Bible Encyclopedia Online». Wm. B. Eerdmans Publishing Co. 
  17. 17,0 17,1 Levine 2006, s. 4.
  18. Charlesworth, James H. (2008). The Historical Jesus: An Essential Guide. s. 113. ISBN 9781426724756. 
  19. Sanders 1993, s. 11.
  20. Sanders 1993, s. 11, 14.
  21. «anno Domini». Merriam Webster Online Dictionary. Merriam-Webster. 2003. Henta 3. november 2016. «Etymology: Medieval Latin, in the year of our Lord» 
  22. BBC Team (8. februar 2005). «History of Judaism 63 BCE–1086 CE». BBC Religion & Ethics. British Broadcasting Corporation. Henta 20. april 2016. 
  23. Grudem 1994, s. 568–603.
  24. Wilhelm, Joseph (1911). «The Nicene Creed». The Catholic Encyclopedia 11. Robert Appleton Company. 
  25. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Oxford Companion
  26. Tabor, James. «What the Bible Says About Death, Afterlife, and the Future». UNCC. 
  27. Hoekema, Anthony A. (1994). The Bible and the Future. Eerdmans Publishing. s. 88–89. ISBN 9780853646242. 
  28. Garrett, James L. (2014). Systematic Theology, Volume 2, Second Edition: Biblical, Historical, and Evangelical. Wipf and Stock Publishers. s. 766. ISBN 9781625648525. 
  29. «Quran 3:46–158». Arkivert frå originalen 1. mai 2015. 
  30. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet CEI
  31. Siddiqui, Mona (2013). Christians, Muslims, and Jesus. Yale University Press. ISBN 0300169701. 
  32. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Morgan
  33. Jacobs, Joseph; Kohler, Kaufmann; Gottheil, Richard; Krauss, Samuel. «Jesus of Nazareth». Jewish Encyclopedia. 

Previous Page Next Page






Иаса Қьырса AB Jesus van Nasaret AF Jesus Christus ALS ኢየሱስ AM Chesús de Nazaret AN Iesus ANG Jisọs Karais ANN ईसा मसीह ANP يسوع Arabic ܝܫܘܥ ARC

Responsive image

Responsive image