المملكة الأردنية الهاشمية (Al-Mamlakah al-Urduniyah al-Hashimiyah, Det hashimittiske kongeriket Jordan) (norsk: Jordan, jordansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «As-salam al-malaki al-urdoni» | ||||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||||
Hovudstad | Amman | ||||||
Styresett |
Monarki Abdullah II Abdullah Ensour | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
89 342 km² (111.) 0,01 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
10 248 069 (97.) 114,7 /km² (91.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 25. mai 1946 | ||||||
Nasjonaldag | 25. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
82 990 mill. USD (85.) 13 000 USD (95.) | ||||||
Valuta | Jordansk dinar | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +962 | ||||||
Toppnivådomene | .jo
|
Jordan (arabisk الأردن, al-Urdun), offisielt Det hashimittiske kongedømet Jordan (arabisk المملكة الأردنية الهاشمية, al-Mamlakah al-Urdunīyah al-Hāshimīyah) er eit arabisk kongedøme i Vest-Asia, ved austbreidda av Jordanelva. Det strekkjer seg inn i den historiske regionen Palestina. Jordan grensa til Saudi-Arabia i sør og aust, Irak i nordaust, Syria i nord, og Vestbreidda, Daudehavet og Israel i vest.
Kongedømet oppstod i samband med at Vest-Asia vart delt mellom Storbritannia og Frankrike etter fyrste verdskrigen. I 1946 vart Jordan ein sjølvstendig, suveren stat, offisielt kalla Det hashimittiske kongedømet Transjordan. Etter at Vestbreidda vart erobra under den arabisk-israelske krigen i 1948, tok Abdullah I tittelen konge av Jordan og Palestina. Namnet på staten vart endra til Det hashimittiske kongedømet Jordan den 1. desember 1948.[1]
Sjølv om Jordan er eit konstitusjonelt monarki, har kongen vid utøvande og lovgjevande makt. Jordan er klassifisert som eit land med «middels menneskeleg livskvalitet»[2] av Human Development Report frå 2011, og ein vekstmarknad med den tredje friaste økonomien i Vest-Asia og Nord-Afrika (32. friaste i verda).[3] Jordan har ein økonomi i det «øvre sjiktet av middels».[4] Jordan har hatt «høgare status» hos Den europeiske unionen sidan desember 2010,[5] og er medlem av Euro-Middelhavet frihandelsområde. Landet var òg med å starte Den arabiske ligaen og Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC).