Julius von Payer | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 2. september 1841 Teplice |
Død |
30. august 1915 (73 år) |
Yrke | oppdagar, kunstmålar, kartograf, offiser, fjellklatrer, polfarer |
Språk | tysk |
Julius von Payer på Commons |
Julius Johannes Ludovicus Ritter von Payer (1. september 1842–29. august 1915) var ein austerriksk polarforskar, kartograf, målar og fjellklatrar. Han var også offiser i den austerrikske hæren og professor ved Theresianische Militärakademie.
I 1872–74 leia han den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen saman med Karl Weyprecht, der dei mellom anna oppdaga arkipelet Frans Josefs land i 1873.
Payer blei fødd i Schönau i Böhmen, no Teplice i Tsjekkia, som son av den pensjonerte offiseren Franz Anton Rudolf Payer og Blandine Payer, fødd John.[1] Han fekk si militære utdanning ved kadettinstituttet Lobzowa ved Krakow og deretter ved Theresianische Militärakademie i Wiener Neustadt.