Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Kapp Horn

55°58′48.51″S 67°17′20.61″W / 55.9801417°S 67.2890583°W / -55.9801417; -67.2890583

Kapp Horn
nes
Kapp Horn sett frå sør.
Land  Chile
Kart
Kapp Horn
55°58′48″S 67°17′21″W / 55.98°S 67.289166666667°W / -55.98; -67.289166666667
Wikimedia Commons: Cape Horn
Hermiteøyane (i midten) og Kapp Horn (nede til høgre) sett frå verdsrommet.

Kapp Horn (nederlandsk Kaap Hoorn; spansk Cabo de Hornos, kalla opp etter byen Hoorn i Nederland) er det sørlegaste nesetTierra del Fuego-øyane, også kjent som Eldlandet, sør i Chile.

Neset er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og markerer den nordlege grensa til Drakesundet. I mange år var neset ein milepåle på klipperruta, som seglskutene segla då dei frakta varer rundt verda. Farvatnet rundt neset er derimot særs farleg på grunn av kraftig vind, høge bølgjer, kraftige havstraumar og isfjell, og i seglskutetida vart området kjent som ei våt grav for mange sjømenn.

Panamakanalen opna i 1914 trong langt færre skip å segle rundt Kapp Horn. I dag vert segling rundt neset rekna som ein av dei store utfordringane innan seglsport, stundom som ein del av jordomseglingar. I dag kan ein derimot segle gjennom kanalane like nord for neset, men mange vel likevel å vente på bra vêr og segle rundt det historiske neset.


Previous Page Next Page






Kaap Hoorn AF Kap Hoorn ALS كايب هورن Arabic كيب هورن ARZ Cabu de Fornos AST Horn burnu AZ Горн (мыс) BE Горн (мыс) BE-X-OLD Хорн (нос) Bulgarian Kab Horn BR

Responsive image

Responsive image