74°50′N 71°19′E / 74.833°N 71.317°E
Karahavet (russisk Ка́рское мо́ре, Karskoje more) er ein del av Nordishavet nord for Sibir. Det grensar til Karasundet og Novaja Zemlja i vest med Barentshavet på andre sida, og til Severnaja Zemlja i aust med Laptevhavet på andre sida.
I nord går grensa til Karahavet geografisk langs linja frå Kapp Kohlsaat på Graham Bell-øya i Frans Josefs land til Kapp Arktis, det nordlegaste punktet på Komsomoletsøya i Severnaja Zemlja.
Karahavet er om lag 1450 km langt og 970 km breitt og dekkjer eit areal på rundt 880 000 km² og eit middeldjup på 110 meter.
Samanlikna med Barentshavet, som får relativt varme havstraumar frå Atlanterhavet, er Karahavet mykje kaldare og er dekt av is over ni månader av året.
Karahavet mottar store mengder ferskvatn frå elvane Ob, Jenisej, Pjasina og Tajmyra, så saliniteten varierer mykje.
Dei største hamnebyane er Novyj Port og Dikson og havet er eit viktig fiskeområde, sjølv om det er berre isfritt om lag to månader året. Det er funne store område med petroleum og naturgass, men dette har ikkje vorte utnytta enno.