Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Karri

Karripulver.
Kylling i karrisaus.

Karri er ei vestleg nemning for fleire asiatiske sausar og krydderblandingar brukt til å laga dei. På norsk viser namnet særleg til ei krydderblanding sett saman av spisskum, koriander, gurkemeie, chilipulver og bukkehornkløver (fenugreek), eller ein saus laga med slikt krydder. Denne karrien er kjenneteikna av ein gulaktig farge på grunn av gurkemeien, og ei særskilt lukt som særleg kjem frå koriander og spisskummen. Karrismaken passar til ei rekkje former for kjøt, fisk og grønsaker.[1]

Ordet «karri» kjem av tamilsk kari og tyder ganske enkelt 'grønsakrett', ofte forklart som 'saus'.

Gurkemeie er ein viktig ingrediens i karri, og har tradisjonelt vore brukt i asiatisk medisin. Laboratorieforsøk har vist at eit stoff i gurkemeie, kurkumin, kan motverka betennelsar og kreft. Det er likevel ikkje stadfesta at det å eta karrimat eller gurkemeie i seg sjølv er helsebringande.[2]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet klikk
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet gurkemeie

Previous Page Next Page






Kerrie AF كاري Arabic كارى (توابل) ARZ Curry AST Karri AZ Карри (ризыҡ) BA Кары (страва) BE Къри (ястие) Bulgarian তরকারি Bengali/Bangla Kari BR

Responsive image

Responsive image