Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Kaveri

Kaveri
ಕಾವೇರಿ ನದಿ
காவேரி ஆறு
Kavery, Cauvery
Elv
Sivasamudramstryka i Kaveri i Karnataka.
Land  India
Statar Karnataka, Tamil Nadu, Puducherry
Region Sør-India
Byar Talakaveri
Lengd 765 km
Kjelde Talakaveri i Kodagu i Dei vestlege Ghatfjella
Munning Kaverideltaet i Bengalbukta
Kart
Kaveri
11°22′13″N 79°49′41″E / 11.370345°N 79.828105°E / 11.370345; 79.828105
Kart over løpet til Kaveri.
Kart over løpet til Kaveri.
Kart over løpet til Kaveri.
Wikimedia Commons: Kaveri

Kaveri er ei elv som renn gjennom Sør-India frå Dei vestlege Ghatfjella vest i landet til Bengalbukta i aust.[1] Ho er rundt 765 km lang.[1] Kaveri er ei heilag elv for hinduar, og blir som Godavari også kalla Dakshin Ganga ('Sør-Ganges').[1] Ho er særs viktig i tamilsk litteratur både som heilagdom og som landskapsbilete.[2]

Elva har utspring ved valfartsstaden Talakaveri som ligg rundt 1500 moh. i Brahmagiri i Dei vestlege Ghatfjella.[1] Ho har eit nedslagsfelt på rundt 71 700 km².[1]

Kaveri ved Tiruchchirappalli (Trichy) og Srirangam.

Elva renn hovudsakleg sør- og austover. Dei øvre delane er prega av stryk og bratte elvebreidder.[2] I Karnataka deler Kaveri seg dei heilage elveøyane Srirangapatnam og Sivasamudram, der ein også finn ei rekkje stryk som mellom anna er bygde ut til vasskraft.[2] I Tamil Nadu er ho oppdemd ved Mettur, både til vasskraft og til forbetra kunstig vatning.[2] Aust i Tamil Nadu dannar Kaveri ei ny heilag valfartsøy, Srirangam, ved Tiruchchirappalli. Her er ho blitt demd opp ved Grand Anicut i oldtida og på ny i 1836–38 (den nordlege Kollidam-delen).[2]

Ho munnar ut i Bengalbukta gjennom to hovudmunningar i Kaverideltaet.[1] Dette deltaet sør for Cuddalore er rundt 10 000 km² stort og er kjend som «hagen til Sør-India».[2] Kaveri er ei særs viktig kjelde til kunstig vatning, og har livnært både eldgamle sørindiske rike og moderne byar.[1]

Elva har mange bielvar, som Shimsha, Hemavati, Arkavathy, Kapila, Honnuhole, Lakshmana Tirtha, Kabini, Lokapavani, Bhavani, Noyyal og Amaravati.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet nih
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet britannica

Previous Page Next Page