Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Kinesisk historie

Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
     Austlege Hàn
     Táng-dynastiet
(avbrote av Andre Zhōu)
Republikken Kina (Táiwān)

Kinesisk historie er eit omfattande felt ettersom det veldige landet, som einaste sivilisasjonen i verda, har skriftlege kjelder utan avbrot frå dei siste 3500 åra. Kinesarane har tradisjon for å bruka dynastia herskarane deira høyrde til til å dela historia si inn i epokar. Dette har samanheng med at dynastiskifta ofte òg innebar endring i styreform, hovudstad og herskarklasse.

Sivilisasjonen i Kina oppstod ved Huangelva nordaust i landet og breidde seg deretter sørover. Den eldste skrifta me kjenner er frå Shang-dynastiet (1600-1000-talet f.Kr.). Det vart utvikla relativt effektiv administrasjon der embetsmennene (ideelt sett) skulle veljast etter eksamenskarakterar, ikkje arv (som i samtidige Europa). Den tidlege utviklinga av ein statsideologi basert på konfutsianismen (som blei «statsfilosofi» under Han-dynastiet på 100-talet f.Kr.), og utviklinga av eit allment utbreidd skriftsystem (standardisert på 220-talet f.Kr) styrkte òg kinesisk sivilisasjon. Under Qing (1644–1912) nådde keisardømet om lag det geografiske området som omfattar den moderne Folkerepublikken Kina.

Politisk veksla Kina mellom å vere eit sameint storrike og å vere oppsplitta i mindre statar. Landa vart regelmessig angripne og to gonger erobra av andre folkeslag enn han-kinesarar. Samspel med den asiatiske omverda og ei rekkje bølgjer av inn- og utvandring har bidrege til å forma kinesiske folk og kulturar gjennom tidene.


Previous Page Next Page