Kingston upon Hull | ||
---|---|---|
Queen's Gardens, Maritime Museum og City Hall (bakom) i sentrum av Kingston upon Hull | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | East Riding of Yorkshire | |
Distrikt | Sameint styresmakt | |
Grunnlagd | 1100-talet | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
71,45 km² | |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik - Byområde |
258 700 3 620,7 /km² 573 300 | |
Koordinatar | 53°45′N 0°20′W / 53.750°N 0.333°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | HU | |
Telefon-retningsnummer | 01482 | |
Nettstad: www.hullcc.gov.uk | ||
Hull eller Kingston upon Hull er ein engelsk by som ligg på nordsida av munningen til elvane Humber og Hull, og lenge har vore ein hamneby til Nordsjøen. Hull er ei sameint styresmakt i East Riding of Yorkshire. Folketal i 2008 var tett opp under 260 000 innbyggjarar.
Hull har eit eige universitet og er òg heimen til delar av universitetet i Lincoln. Han har òg fleire museum, som Wilberforce House, eit skipsfartsmuseum og eit gateliv- og transportmuseum.
Til forskjell frå dei fleste engelske busettingar med nemninga by (city) har Hull inga domkyrkje. I staden har Hull ei kyrkje til den heilage treeininga som skal vera den største soknekyrkja i England.
Humberbrua i Hull er den tredje lengste hengebrua i verda med eitt spenn.
Byen er den einaste i Storbritannia som har sitt eige telefonselskap. Kingston Communications vart grunnlagt i 1910-åra som eit offentleg selskap. Det er no privatisert, men er enno det einaste teleselskap i landet som berre tilbyr tenestene sine i éit enkelt område. Telefonkioskane i Hull er kremfarga, medan dei i resten av landet er raude.