Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Kiruna

67°51′18.371″N 20°13′37.931″E / 67.85510306°N 20.22720306°E / 67.85510306; 20.22720306

Kiruna
by
Sentrala Kiruna fotografert frå Luossavaara. Kyrkja er til venstre og rådhuset i høgre kant av bildet.
Våpenskjold
Land  Sverige
Region Lappland
Fylke Norrbottens län
Distrikt Jukkasjärvi distrikt
Kommune Kiruna kommun
Del av Kiruna kommun
Areal 1 139 km²
Folketal 17 284 (31. desember 2023)
Kart
Kiruna
67°50′56″N 20°18′10″E / 67.848888888889°N 20.302777777778°E / 67.848888888889; 20.302777777778
Wikimedia Commons: Kiruna

Kiruna (nordsamisk Giron, finsk/meänkieli (tornedalsfinsk) Kiiruna/Kieruna) er ein svensk by i Norrbottens län. Han er den største tettstaden i landskapet Lappland med 17 037 innbyggjarar (2015).[1] Han er administrasjonssenter for Kiruna kommune.

Kiruna er eit utprega gruvesamfunn som ligg mellom dei to fjella Luossavaara og Kiirunavaara, begge med store jernmalmførekomstar, og på sørhellinga av det tredje fjellet Haukivaara, som omsluttar byen. Byen vart grunnlagt i 1900. Ein disponent ved gruveselskapet LKAB, Hjalmar Lundbohm, vert rekna som grunnleggjaren av byen. Kiruna fekk bystatus i 1948, og vart dermed den største bykommunen i verda ut frå areal, på over 20 000 km². Han er derimot ikkje den største kommunen i verda ut frå areal.

Staden byrja å vekse fram i samband med at utvinninga av malm for alvor byrja i 1898. Sjølve bybusetnaden ligg delvis over malmførekomstane. Eit av bustadområda frå den tidlege historia til byen har vorte avstengt på grunn av faren for at grunnen skal gje etter. Dei siste åra har problemstillinga vorte ytterlegare aktuell, då det no blir brote malm slik at både jernbaneområdet, E10 og andre bustadområde blir utsett for same fare for at grunnen kan rase ut, og faktisk på sikt at bykjernen ligg utsett til. Difor er flytting av sentrale delar av byen alt under planlegging, sjå Kiruna byforvandling.

  1. Landareal per tätort, folkmängd och invånare per kvadratkilometer. Vart femte år 1960 - 2016, Statistiska centralbyrån 

Previous Page Next Page






كيرونا Arabic كيرونا ARZ Кируна BA Кіруна BE Кіруна BE-X-OLD Кируна Bulgarian Kiruna BR Kiruna Catalan Kiruna (kapital sa munisipyo sa Sweden) CEB Kiruna Czech

Responsive image

Responsive image