Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Klinkbygging

Samanklinka båtbord

Klinkbygging er ein byggemåte for trebåtar der båtborda overlappar kvarandre. Det vert bygd eit skal ved at kvart bord vert lagt på utsida av bordet under. Før det vert festa vert det forma så båten skal få ynskt form når han er ferdig. Borda vert festa til kvarandre med båtsaum av metall. Etter at båten er oppborda, skalet har fått ynskt form, vert han forsteka med innved, band og betar, som styrker båten på tvers, og esing som styrker på langs.

Ein klinkbygd båt er lettare og mjukare enn ein som er kravellbygd. Ein mjuk båt vrir seg i sjøen i staden for berre å presse seg fram. Det har vorte sett på som ein fordel.


Previous Page Next Page