Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Knoll i geologi

Kalksteinsknoll frå devon.

Ein knoll eller nodul (av norrønt for «bergknaus») er i geologi eit mineral eller eit mineralaggregat forma som ein ein rund, oval eller uregelmessig klump. Dei vert anten danna ved utfelling frå vatn eller ved konkresjon, der dei vert fortreng av sedimenta dei ligg i.

Ein kan òg finne knollar i vulkanske bergartar, men då har lavaen rive med seg bitar av berggrunnen han trengde gjennom. Døme på dette er peridotitt-knollar.

Nodular er òg eit samleomgrep for kuleforma utfellingar i metall, som til dømes grafitt i støypejarn.


Previous Page Next Page