Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Kometkoma

Strukturen til Kometen Holmes i infraraudt.
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Koma (fleirtyding).

Komaen (frå latinsk: hår) er den tåkete innpakninga rundt kometkjernen. Ho blir danna når kometen passerer nære sola på sin særs elliptiske bane rundt ho, då delar av overflata sublimerer.

Komaen er generelt sett saman av is og støvpartiklar. Større partiklar blir verande att langs kometbanen medan dei mindre blir skuvde vekk av solvinden og strålingstrykket til sollyset.

Komaen gjev kometen ein uklar utsjånad i teleskop og gjer han der merkbart forskjellig ifrå stjerner.

NASA sin Stardust-sonde hadde som føremål å samla prøver av ein koma.


Previous Page Next Page