Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Konstitusjonelt monarki

Eit konstitusjonelt monarki er eit keisar-, konge- eller anna slags fyrstedøme der fyrsten, t.d. kongen, berre har ei avgrensa makt. I somme land er fyrsten berre eit statssymbol, t.d. Sverige og Japan, og i andre land har fyrsten konstitusjonelle funksjonar, t.d. Noreg, Danmark og Storbritannia. Den eigentlege definisjonen på eit konstitusjonelt monarki er at kongens makt er avgrensa av ein konstitusjon (grunnlov).

I mellomalderen var kongedømet i Noreg det me i dag vil kalla konstitusjonelt; d.v.s. kongen hadde avgrensa makt som han laut dela med andre stormenn. Kongen kunne vrakast om han fekk desse imot seg. I Danmark-Noreg vart eineveldet innførd i 1660, i Frankrike i 1661, medan Storbritannia aldri vart einevelde. I Noreg vart einevelde avskaffa med Grunnlova i 1814, i Danmark i 1848, i Russland i 1905, medan Saudi-Arabia framleis er einevelde.


Previous Page Next Page