Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Kulde

Eit isfjell

Kulde (mangel på varme) syner til tilhøve med eller subjektiv oppfatning av å ha låg temperatur.

Det kaldaste det teoretisk er mogeleg å oppnå er ein temperatur på absolutt null, òg kalla absolutt temperatur, som er 0 K på kelvinskalaen, ein termodynamisk temperaturskala, og −273.15 °C på celsiusskalaen.

Temperaturen er knytt til varmeenergi i ein lekam eller eit stoff, som igjen er den kinetiske energien til den tilfeldige rørsla til partiklane stoffet består av. Ein lekam har mindre varmeenergi om han er kald enn når han er varm. Om det var mogeleg å avkjøle eit system til absolutt null, ville alle partiklane stoffet består av ha stått i ro. Lekamen ville då hatt null varmeenergi. I skildringa i kvantemekanikk ville stoffet likevel hatt nullpunktsenergi, sjølv ved absolutt null, på grunn av uvisseprinsippet.


Previous Page Next Page






Fredor AN برد (حالة) Arabic Don (şaxta) AZ Šaltis BAT-SMG Lipot BCL ঠান্ডা Bengali/Bangla Fred (temperatura) Catalan سەرما CKB Chlad Czech Сивĕлĕх CV

Responsive image

Responsive image