I matematikk er kvadratrota til eit positivt, reelt tal a, det positive reelle talet som ganga med seg sjølv gjev a som resultat. Kvadratroten til a blir skrive . Til dømes er , sidan 3 × 3 = 9. a vert her kalla radikand. Å ganga eit tal med seg sjølv vert òg kalla å kvadrere.
Om a ≠ 0, finst det to tal x som tilfredsstiller likninga x2 = a, og nokre gonger vert begge desse tala skrivne som kvadratrøtene til a. Om a er eit positivt reelt tal, er kvadratrøtene eit positivt og eit negativt tal med same absoluttverdi. Til dømes er kvadratrøtene til 9 lik 3 og -3. Symbolet √a refererer likevel alltid til den positive kvadratrota. Om a er eit negativt tal, er begge kvadratrøtene imaginære, og om a er kompleks, er begge kvadratrøtene òg komplekse.
Ein annan måte å skrive kvadratrota av x på, er å opphøge i ein halv, altså: , eller meir generelt: .
Symbolet vart først nytta på 1500-talet.