Kvalar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Overorden: | Paraxonia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Underorden: | Whippomorpha |
Infraorden: | Kvalar Cetacea Brisson, 1762 |
Underfamiliar | |
Kvalar (Cetacea) er ein orden store pattedyr spesielt tilpassa liv i vatn. Det finst over 80 artar. Dei fleste artane held til i havet, men det finst òg nokre få tannkvalarter som lever i ferskvatn. Blant kvalane finn ein òg det største pattedyret i verda, den enorme blåkvalen som kan vege opp mot 200 tonn og verta over 30 meter lang. Den minste av alle kvalane er den vesle hektordelfinen, som normalt berre vert 1,2-1,5 meter lang og veg 35-60 kg (i snitt ca. 48 kg).