Kvede | |
Kvede | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Slekt: | Cydonia |
Art: | Kvede C. oblonga |
Vitskapleg namn | |
Cydonia oblonga |
Kvede eller vanleg kvede er ein art i planteslekta Cydonia i rosefamilien. Han har gule, lodne frukter som er blitt brukt til mat og medisin i lang tid.[1]
Kvede stammar frå Asia. Planten veks naturleg i grusskrenter og skogkantar i vestasiatiske land som Armenia, Tyrkia, Georgia, nordlege Iran og Afghanistan.[2] Nokre kjelder strekk utbreiingsområdet så langt nord som til Latvia.[3] Treet toler ei rekkje ulike klima, og kan veksa så langt nord som Skottland.
Fruktene har gult, loddent skal, storleik som ei grapefrukt og fasong som eple eller pære. Fruktkjøtet er fast og pektinrikt, kjernehuset har brune frø med smak av bitre mandlar. Frøa er slimhaldige. Ein et ikkje fruktene rå, men varmebehandlar dei. Kvede eigner seg godt til sylting, og blir mellom anna brukt til marmelade.[1]
Unge kvedetre blir ofte brukt som grunnstammar for pæretre.[1]
Ordet kvede blir også brukt om andre slekter i rosefamilien, som eldkvede (Chaenomeles). Frukta frå desse plantane liknar kvedar, og kan brukast på liknande vis til mat.[1]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet snl