Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


LIGO Scientific Collaboration

LIGO Scientific Collaboration (LSC) vart stifta i 1997 og er eit samarbeid mellom meir enn 800 vitskapsmenn verda over. Dei jobbar i hovudsak med å oppdage gravitasjonsbølgjer i dei mest ekstreme forhold og hendingar i Universet. Ei slik oppdaging gjev oss moglegheita til å utforske den fundamentale gravitasjonsfysikken grundigare, og me vil samstundes utvide feltet om gravitasjonsbølgjer i fysikken, noko som vil danne grunnlag for eit verktøy i astronomisk forsking. Dei bruker detektorane LIGO, GEO 600 og VIRGO.

LSC driv forskinga si i LIGO observatoria, som er å finne i Hanford, Washington og Livingston, Louisiana, så vel som GEO600 detektoren i Hannover, Tyskland.


Previous Page Next Page