Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Lierbanen

Lierbanen
Lier gamle stasjon i Lierbyen
Info
Type Privat offentlig jernbane
System 1067 mm smalspora bane
Status nedlagt og fjerna
Utgangsstasjon Lier
Endestasjon Svangstrand
Tal på stasjonar 8
Drift
Opna 12. juli 1904
Delvis nedlagt 23. oktober 1932 (alm. trafikk)
Teknisk
Sporvidde 1,067 m
Lengde 20,6 km
Største stigning 33,3 ‰
Bruer 4 på 30 m eller lenger

Lierbanen er ein nedlagt privat sidebane til Drammenbanen som gjekk frå Lier til Svangstrand ved Tyrifjorden. Den vart opna 12. juli 1904. Person- og godstrafikken vart innstilt 23. oktober 1932, men strekninga Lier-Tronstad Bruk vart frå 1934 til ut 1936 leigd ut som bruksbane til Tronstad Bruk. Banen vart endeleg nedlagt 1. januar 1937. Banen hadde ei sporvidde på 1,067 meter og hadde åtte stasjonar. To av stasjonsbygningane står framleis (Utengen og Svangstrand). Frå Svangstrand ved Holsfjorden var det mogleg å reise vidare med dampskip til Sundvollen.

Det meste av den gamle traséen er no veg og har mellom Renskaug og Landfallenga med namnet «Linjeveien» og mellom Egge og Tronstad med namnet «Baneveien».


Previous Page Next Page






Lierbanen Danish Lierbanen German Lier Line English Spoorlijn Lier - Svangstrand Dutch Lierbanen NB

Responsive image

Responsive image