Linjedans er ein koreografert dans der ei gruppe folk dansar saman, og dansarane står på ei eller fleire linjer i grunnforma av dansen.[1] Desse linjene vender vanlegvis i same retning, men kan også vera vende mot kvarandre.[2][3][4] Dansarane er typisk ikkje i fysisk kontakt med kvarandre. Dansetypen skil seg dermed frå ringdans, der dansarane held kvarandre i hendene eller liknande og er vende mot kvarandre i ein ring. Han skil seg også frå solodans, ettersom dansarane som regel følgjer dei same trinna, og pardans.
Linjedans er ein av dansetypane avbilda i førhistorisk kunst.[5] Mange eldre europeiske folkedansar var linjedansar, der menn og kvinner vanlegvis dansa i kvar sine linjer.[6] Den populære arabiske folkedansen dabke kan vera ein linjedans.[7] Linjedans eller line dance er ein kjend del av country-western-dans, og blir gjerne framført i western-inspirert utstyr som cowboyhatt, dongeribukse og ruteskjorte. Linjedans av denne typen er blitt populær verda over.[1] I Kina er paiwu (bokstaveleg 'linjedans') blitt ein populær dans for grupper som kjem saman på offentlege plassar og i parkar.[8]
Mange linjedansar er knytte til ein særskild song, som macarena, knytt til låten med same namn, electric slide som er knytt til songen «Electric Boogie» frå 1982, eller Fugledansen, knytt til «Der Ententanz» frå 1957.