Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Lisboa

Lisboa
hovudstad
Flagg
Symbol
Land  Portugal
Region Lisboa
Del av Lisboa hovedstadsområde
Areal 100,05 km²
Folketal 545 923 (2021)[1]
Kart
Lisboa
38°42′29″N 9°08′20″W / 38.708042°N 9.139016°W / 38.708042; -9.139016
Wikimedia Commons: Lisbon

Lisboa har vore hovudstad i Portugal sidan 1256. Han er den største byen i landet med sine 506 654 innbyggjarar (2018, 2,8 mill. i storbyområdet).[2] Byen ligg ved nordbreidda av elva Tejo, om lag 15 kilometer frå der ho munnar ut i Atlanterhavet. Lisboa er den vestlegaste hovudstaden på det europeiske fastlandet.[3]

Lisboa er òg sete i regionen Lisboa. Kommunen har om lag 565 000 innbyggjarar fordelt på 84,8 km², medan storbyområdet rundt kommunen totalt har rundt 2,8 millionar innbyggjarar. På grunn av den økonomiske avsettinga, levestandarden og marknaden vert underregionen Grande Lisboa (Stor-Lisboa) rekna som det nest viktigaste finansielle og økonomiske senteret på Den iberiske halvøya.[4] Regionen Lisboa er den mest velståande i Portugal og ligg over gjennomsnittet i EU når det gjeld BNP per innbyggjar. Det er òg det politiske senteret i landet og sete for regjeringa og presidenten av Portugal.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.pordata.pt/Municipios.
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL
  3. «Lisbon | History, Culture, Economy, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 6. august 2023, henta 29. august 2023 
  4. Konkurrerande byar i global økonomi

Previous Page Next Page






Lisbon ACE Лиссабон ADY Lissabon AF Lissabon ALS ሊዝቦን AM Lisbona AN Olisipo ANG لشبونة Arabic ܠܫܒܘܢܐ ARC لشبونة ARY

Responsive image

Responsive image