Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Livlege

Svensk hoffuniform for ein livlege (livmedikus) frå 1900-talet.

Livlege er ein personleg lege for ein høgtståande person, til dømes ein politikar, konge, president eller pave. Livlegen står ansvarleg for helsa til pasienten sin og må vera tilgjengelege døgnet rundt.

Ordet «livlege» er ei omsetjing av tysk Leibarzt, der «liv» har tydinga «person» (samanlikn livvakt - Leibwache og livrett - Leibgericht).[1] I eldre tid kalla ein livlege ofte arkiatar, av gresk, ἀρχιατρός, «førstelege». Det finst òg livkirurgar.

Livlegar er kjent frå antikken og opp gjennom mellomalderen. I Danmark kom dei første frå midten av 1400-talet. Livlegen til den danske kongen var gjerne innkalla frå utlandet. På grunn av stillinga si i nærleiken til fyrsten kom livlegen ofte til å spela ei viktig rolle òg politisk. Eit døme frå historia til Danmark-Noreg er Struensee.

  1. Hjalmar Falk og Alf Torp: Etymologisk ordbog over det norske og det danske språk, s. 463. 1903–06 .

Previous Page Next Page






طبيب حياة Arabic Livlæge Danish Leibarzt German Henkilääkäri Finnish 主治医 Japanese 주치의 Korean Leibmedikas LT Lijfarts Dutch Livlege NB Лейб-медик Russian

Responsive image

Responsive image