Lufttettleik, ρ (gresk: rho), er jordatmosfæren sin masse per volum. I SI-systemet blir den målt som kilogram luft per kubikkmeter (kg/m3). Tørr luft ved havnivå og med temperatur på 20 °C har ein tettleik på om lag 1,2 kg/m3. Lufttettleiken varierer med trykket og temperaturen, som begge minkar med høgda.